FJELLTRIMMEN 2016/2017

Vikane idrettslag har komande fjelltrimår 32 postar i områda kring Utvik og Innvik der vi har lagt ut bøker som ein kan skrive seg i.

FJELLTRIMMEN 2016 – 2017

Vikane idrettslag har komande fjelltrimår 32 postar i områda kring Utvik og Innvik der vi har lagt ut bøker som ein kan skrive seg i. Ny post i år er Frøholmsetra. Det er merka rås frå FV60 mellom Frøholm og Holen.

Etter at vi i fjor tok vekk registreringspostane på 6 støylar har vi fått ønskje om at desse må setjast opp att. Mange brukar støylane som mål for trimturar sjølv om det går bilveg fram.

Så for komande år er det trimpostar på alle støylane. Dei blir registrerte med poeng, men er ikkje med i postane for supertrimmen, berre totalsummen.

For dei (fødde 2003 og eldre) som ønskjer og vere med på supertrimmen komande år kan ein kjøpe registreringsskjema for kr. 200,- på Joker Utvik og Cafè Gobeten i Innvik.
Registreringsskjemane må kjøpast før 1.mai 2017.

 

Håpar at mange vil ut og gå – både til kjende og nye stadar.

GOD TUR!
Ski-/trim-og fjelltrimgruppa

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift