BARNESUPERTRIM 2016/2017

Vikane idrettslag har komande fjelltrimår 32 postar i områda kring Utvik og Innvik der vi har lagt ut bøker som ein kan skrive seg i. Barnesupertrimmen fortset med dei same 6 postane som forrige år.

Postane er:
1. Utsikten på Hildahalsen. Merka løype frå Viking Camping
2. Varevatnet på Remefjellet. Merka løype frå Remestøylen
3. Dryppsteinshola. Merka løype frå bomledet på Drageset vidare til Remefjellet.
4. Midtvegs Li – Kårstad på Haukerivegen.
5. Fløtravarden på Utvikfjellet. Merka ”sommarløype” frå Steffastøylen
6. Brulandsstøylen – Djuvstøylen. Merka løype frå Valakerskogsvegen og Brulandsstøylen

Det blir premie til dei medlemane som er innom alle postane i løpet av fjelltrimåret.
Registreringsskjema får ein gratis på Joker Utvik og Cafè Gobeten i Innvik.

 

Håpar at mange vil ut og gå – både til kjende og nye stadar.

GOD TUR!
Ski-/trim-og fjelltrimgruppa

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift